Podcast Søndagsskole for voksne


Podcast Søndagsskole for voksne


Den norske kyrkja har nettopp lansert podkasten «Søndagsskole for voksne», med Solveig Kloppen og prestane Trond Bakkevig og Silje Kivle Andreassen. I podkasten skal dei tre saman finne svar på store og små spørsmål knytt til Bibelen og kristen tru.

 

– I denne podkasten skal du få svar på dei spørsmåla du ville stilt ein prest om du møtte ho på fest, seier programleiar Solveig Kloppen. – Vi håper at både vi tre og lyttarane skal vere litt klokare i slutten av serien.

Spørsmål om kristendom og tru

Mellom spørsmåla som vert diskutert er «Kvar var Gud 22. juli?» og «Kan ein vere kristen sjølv om ein ikkje les i Bibelen?»

–Dette er tema som eg likar godt å snakke om, så eg ville ikkje la dette høvet gå i frå meg, seier Silje Kivle Andreassen, sokneprest i Holmlia. – Eg tykkjer det er ein god idé å drive søndagsskule for vaksne, for vi blir aldri heilt ferdige med å lære.

– Eg likar å få vanskelege spørsmål, seier pensjonert prost Trond Bakkevig. – Då må eg skjerpe meg litt, og tenkje gjennom kvifor eg tenkjer slik eg gjer. Kunnskapen om kvar vi kjem frå, og kvar vi eventuelt vil høyre til, er viktig å få med seg.

Lytt der du høyrer podkast

«Søndagsskole for voksne» kan du høyre der du lyttar på podkastar, sjå lenke nedst på denne sida. 

 

Lenker:  Acast:  Søndagsskole for voksne

             Apple podcast:  Apple podcast søndagsskole for voksne

             Spotify: Spotify Søndagsskole for voksne

Tilbake